Ytre Sogn lagrar følgjande informasjon om deg frå du registrerer deg som abonnent hos oss:
• Namn
• E-post
• Telefonnummer i samband med mobilverifisering
• Ein kryptert versjon av ditt passord (som vi sjølvsagt ikkje kan sjå)
• Kva eining du brukar når du surfer på nettsida vår
• Kva nettlesar eller app du nyttar
• Dersom du har gitt eininga di - til dømes mobiltelefonen eller datamaskina - eit eigedefinert namn, blir også dette lagra.
• Vi lagrar også tidspunktet du sist leste ein artikkel, samt tidspunktet for siste gong du logga deg inn
• Informasjon om kjøpa dine hos oss
Det er Ytre Sogn som står ansvarleg for all behandling av personvernopplysningane dine. Som brukar av nettstaden vår samtykkjer du til at vi kan lagre og nytte denne informasjonen.
Ytre Sogn kan i visse samanhengar ta direkte kontakt med noverande eller tidlegare abonnentar via telefon, e-post eller post med informasjon om tilbod eller anna relevant informasjon knytt til kundeforhold. Det er mogleg å reservere seg mot dette ved å ta kontakt med Ytre Sogn.
Vi sel ikkje informasjon du som brukar legg igjen hos oss vidare, og personopplysingane dine vil ikkje bli utlevert til andre.
Einingar
Her inner du ytterlegare informasjon om kva ei eining er - og korleis desse vert rekna.
Cookies / Informasjonskapslar
Ytre Sogn lagrar cookies - informasjonskapslar - for å kunne kjenne deg igjen som brukar, slik at du slepp å logge deg inn for kvar gang du besøker oss. Vi brukar også denne informasjonen for å kunne kalkulere kor mange einingar du har. Dette gjer vi for at vi og du skal kunne kontrollere kven som nyttar abonnementet ditt. Du finn denne oversikta på
Min side.
Dei fleste nettlesarar godtek automatisk informasjonskapslar, men du kan til vanleg endre nettlesarinnstillingane dine til å avvise cookies om du føretrekk det. Metoden for å slette informasjonskapslar vil avhenge av kva type nettlesar du nyttar. Hjelpefunksjonen til nettlesaren din kan hjelpe deg med å konfigurere nettlesaren din for å hindre informasjonskapslar eller slette eksisterande informasjonskapslar.
Ver merksam på at enkelte funksjonar på nettsida kan vere heilt eller delvis avhengig av at du godtek bruk av informasjonskapslar.
Kjøpshistorikk
Vi lagrar informasjon om dine kjøp hos oss. Dette vert gjort for at du skal kunne hente ut kvitteringar - som du finn på
Min side - og for at vi skal kunne yte kundeservice dersom det oppstår problem med abonnementet ditt.
Tredjepartar
Google Analytics
Vi brukar Google Analytics til å analysere data om lesartal og abonnementskjøp på nettsida vår. Vi hentar imidlertid ikkje ut individuell informasjon om deg frå desse dataene.
Her kan du lese Googles personvernregler - og informasjon om korleis du kan reservere deg mot at Google sporar og nyttar informasjon om deg.
Stripe
Ytre Sogn nyttar Stripe som leverandør av vårt betalingssystem. Det betyr at det er Stripe som handterar all kortinformasjon og alle detaljar rundt dine betalingar.
Her kan du lese meir om korleis Stripe behandlar personopplysingar.
Facebook Pixel
Ytre Sogn innhentar også informasjon om korleis reklamekampanjane våre fungerer på Facebook - til dømes kva kampanjar som fører til kjøp av abonnement hos oss. Vi hentar imidlertid ikkje ut individuell informasjon om deg frå desse dataene.
Her kan du lese meir om korleis Facebook handterer personvernreglane.
Lynx Publishing AS
Alle våre data vert laga hos vår leverandør Lynx Publishing AS.
Dine data
Du kan til ei kvar tid slette all informasjon vi lagrar om deg, ved å slette brukarkontoen din på
Min side.
I så fall vert all informasjon vi har lagra om deg fjerna frå nettstaden vår, og vi vil ikkje ha tilgang til denne informasjonen i ettertid.